søndag 14. oktober 2012

Potet 2012


På Bjørlo er potetopptaking ein fest. Små og store (og ein heil barnehage) stiller opp på kort varsen ein dag veiret passar. I år vart det eit par strålande septemberdagar med arbeid i åkeren. Iver har gode kompisar som synest det er kjekt å vere med både når potetene skal i jorda og takast opp. 


Ingebjørg sorterte ut småpoteter fordi dei er omtrent det beste ho kan få til middag. Heilsteikt i omnen med valfritt tilbehør. Gjerne hjortekjøt.



Det stemmer at dette er nokre veker sidan, men litt blogging på etterskot må vere lov. No er frosten komen, og tulipanløkane er komne i jorda. Spennande å sjå om det kjem opp noko til våren, eller om hjorten har forsynt seg.


torsdag 11. oktober 2012

Haust, veir og lys.

Fjellet hadde glorie då eg kom ut i dag, så jobbavreisa vart utsett litt. eg måtte berre ta ein liten kameratur. Det har blitt nokre bilete av lys sidan vi flytta inn. Slik huset ligg har vi himmel i alle retningar, og med alt veiret vi har endrar det seg heile tida. No er hausten her òg, og då endrar fargane seg frå dag til dag.

Her kjem eit lite bilderas. Eg har ikkje gjort noko anna bilethandsaming enn å kutte nokre av dei. Sånn er variasjonen, og gjerne i løpet av ein einaste dag.

Også i dag, men i motsett retning.




















Tidlegare i veka har det vore rim om morgonen.



Dette Magnolia-treet har hjorten kosa seg med kvar vinter, så alle nye skot vert borte. I år har vi sett i verk tiltak for å prøve å berge noko av vegetasjonen.

















 I regn vert lyset eit heilt anna - og lisjeelva mykje større. 

























Ikkje berre fin utsikt, men innsikt òg. Dette biletet er tatt i det store glaset mot nord.

























Også katten.

Nilus gjekk ut ein dag og kom aldri att. Vi trur han er på eventyr, men har innsett at det ikkje er så sansyneleg at han kjem heim.

Difor er det ekstra hyggeleg at broren Morris trengte ein ny heim. Han har brukt nokre veker på å bli kjent med den nye familien og det nye huset, men no har han blitt ein av oss. Sjølv om han og Nilus har same mor og oppdragelse er dei to heilt ulike personlegheiter. Nilus var eit kosete vanedyr som helst ville sitte på fanget heile tida. Morris kosar berre når han vil (det er likevel ganske ofte), og stadig på jakt etter noko nytt og spanande å finne på. Nilus sov alltid på same stad, mens Morris stadig prøver ut nye mogelegheiter.  

I dag var han med meg på fototur og lurte nok veldig på kva eg dreiv på med.

mandag 27. august 2012

Frukt- og bær-hagen

Det tek nokre år å etablere frukthage, men vi er så heldige at det sto både bringebærbusker og eit plometre att i hagen etter at huset kom opp. I år har det vore ein skikkeleg bringebærsommar, og i tillegg til hagebæra har vi funne mykje villbringebær langs elva. Alfred har plukka mykje, og no ligg det smootie-bær, saft og syltetøy i frysen. Det er litt ekstra kjekt å ha eigenprodusert smak av sommaren på lur når det vert vinter. 


Plommetreet har fått skikkeleg juling under bygginga, men står fullt av fine gode plommer likevel. No har vi fått stellt både treet og litt rundt, og ser at nokre greiner må sagast av fordi dei er for knekte. Vi ventar med det til vi har fått hausta treet litt meir. Det er berre 50 prosent av familien som likar plomer noko særleg, og vi får i alle fall nok plomer denne veka. 

Vi trur det er den plomesorten som heiter Edda og har blå søte plommer klar i slutten av august. No er berre spørsmålet kva vi skal lage av dei vi ikkje rekk å ete?



lørdag 25. august 2012

Hels på Nilus



Planen har alltid vore at når vi flytta til Bjørlo skulle vi få oss katt. Deter rikeleg med kattar rundt oss, men det er mest fjøskattar som ikkje vil ha kos eller leik.

Og før sommaren dukka kattenungen vår opp. Fødd og oppvaksen hos ein fin kattefamilie (og ein fin menneskefamilie) på andre sida av elva. Rett før skulestart flytta han inn hos oss og fann seg raskt til ro. Det er sjølvsagt lettast å få eit skikkeleg bilete når han søv.

Nilus er ein skikkeleg kose- og leikekatt, og i lag med Iver vert det mykje av begge deler. Ekstra kjekt er det at nokon er heime når ungane kjem frå skulen. 


Dei fyrste vekene har katten vore mest inne for å finne ut kvar han bur, men no er han ute meir og meir. Det er mykje spennande å finne ut av rundt huset, og vi reknar med han utvidar horisonten etter kvart. Også må han jo finne ut kvar dei beste musejaktmarkene er.



torsdag 16. august 2012

Festivalsommar



Ein får ikkje meir moro enn ein laga sjølv, så då vegen var kort frå ide til gjennomføring av dagens festival. Med så mange frivillige som bar ved og klappstolar var det ingen kunst å arrangere Bjørlo bade- og pølsefestival. Og så laga dei fint skilt.

Dei siste dagane har det vore full sommar på Bjørlo, men elvevatnet er likevel litt kaldt. Vi fyrteopp badestampen og fann fram bålpanna. Legg til trivelege vener og litt sjokoladekake, så vert det fin festival. 


 Sidan vi har ein ordførar lett tilgjengeleg vart det tale og opning med klipping av snor. Måndag er det slutt på sommarferien for mange av festivaldeltakarane. Vi som allereie har avslutta ferien er glad for fine sommarkveldar så lenge det varer.

fredag 8. juni 2012

Mens graset gror


Årets sommar har uansett overgått fjoråret, så det er ekstra kjekt å kose seg på alle dei nye uteplassane våre. Midt i mai vart det støypt betongplate rundt huset på vest-, sør- og austsida. No kan vi tasse berrføtt ut frå stova, rundt huset og inn i gangen. Eller berre ut for å kjenne på veiret. 

Det tek nok litt tid før vi vi veit akkurat korleis vi vil ha det. Akkurat no nyt vi berre sommaren, huset og uteområdet mens vi ventar på at plenen skal gro. Mot vest har vi plassert utesalongen og grillen rett utanfor stova. Det fungerer veldig bra.


Det har vore litt planting, men det viktigaste utanfor betongen er plenen. Der er det planert, plukka stein og sådd. Noko har såvidt spira, så vi har god trur på at det vert gras. I enden av innkjørsla er det laga eit lite bed. Her skal det vere stauder, men det tek nokre år dør dei kvadratmeterane er fulle. I tillegg til stauder er der ein syrin, litt markjordbær og nokre sommarblomar. Kjekt å sjå at det gror.


Huset ligg tett mot den store elva, og i tillegg har vi ei lita elv til. Bjørloelva renn frå Bjørlovatnet ned frå fjellet, gjennom heile Bjørlo og ut i Eidselva ikkje så langt frå huset vårt. Her er det så grunt at det er fint å bade. Det er ikkje så veldig varmt, så det passar godt til å kjøle seg ned på varme soldagar.  På dette bilete ser du også godt korleis huset ligg i landskapet. Bak huset held er det fleire hus og gardsbygningar innover tunet.




tirsdag 1. mai 2012

Vår...trallala vår




Sola er her. Og lysta til å vere ute og våren og grønt gras og mykje kvitveis. Denne fyrste våren må vi finne ut korleis det eigentleg er rundt huset. Kvar er det kjekt å leike og kvar passar det å drikke kaffi i morgonsol? Førebels er hagen litt prega av byggeplassen, men det kjem snart nokre gravemaskiner og legg grus og jord på rett plass. Brakka skal flyttast Nærmare elva og pussast opp til hagehus.


Her er restar etter gamle garasjemurar og innanfor dei det vert kanskje skiferlagt og plass til bord og benkar. Septiktanken er tømrarane sin og dei kjem snart og hentar den.


Frå matstova kan vi gå rett ut. Her vert det betongplatting med god plass til å nyte både kveldssol og utsikten over elva.


Lavendelplanten vi fekk forrige helg har kome i potte i løpet av helga, så no har vi i alle fall ein plante i hagen. Alle dei runde steinane er ein bonus ved å bu så nær elva.

søndag 22. april 2012

Vår og ventemat


Husblogging har vore forsømt. Vi har vore alt for opptekne av å bu oss inn og kose oss i nytt hus. Det er betre enn vi kunne drøyme om, og spesielt den korte vegen ut og all naturen tett på kjennest veldig godt. Denne bloggen kjem nok difor til å dreie litt mot ein Bjørlo-blogg og dokumentasjon på små og store prosjekt inne og ute.

I dag hadde vi ein strålande vårsøndag og har i lag med små og store hjelparar laga middag i kokegrop. Vi brukte litt ulike bruksanvisningar, og dersom nokon vil prøve sjølv kan de t.d. lese her.

Iver og Alfred grov sjølve gropa før alle dei andre kom. Vi trur vi har funne ein passande stad for ei grop som kan brukast fleire gonger, for dette var kjekt.


Elvesteinar passar perfekt til kokegroper, og det har vi nok av. Måtte berre bruke litt tid på å bære. Flate steinar i botnen og runde oppetter sidene. Etter kvart som bålet brann kasta vi fleire steinar inn i varmen.


 Det er ein viktig jobb å passe bålet, og undervegs kunne vi steike både pølser og pinnebrød.



Etter eit par timar hadde vi brunne opp eit lite lass ved og varma opp godt med steinar. Alfred hadde vore ein ekspedisjon i skogen og henta einer og lagt den i bløyt.



Steinane vart lagt litt til kjøling medan vi fjerna mest mogeleg ved- og kolrestar. Desse la vi i bålpanna og brukte til litt meir grilling.



Kokegropa vart fylt lagvis med einer, varme steinar, hjortekjøt pakka i alluminiumsfolie, meir einer og meire varme steinar før vi la på nokre kilo innpakka potet og grov att.



Torva vart lagt på plass…


…også var det berre å vente. Vi har ikkje vore bortskjemte med sol siste året, så det var utruleg deileg berre å vere ute. Manglar ni ungar på biletet, men dei kjeda seg nok ikkje dei heller.



Så var tida koma. Ingen hadde gjort dette før, så vi var spente. Det einaste vi var heilt sikker på var at under torva var det ganske varmt. 



Med litt graving og leiting kom både potet og kjøt opp frå jorda. 


Det lukta og smakte faktastisk.


Hjorten var marinert litt frå kvelden før og elles krydra med salt, pepper, kvitlauk og rosmarin. Sjølv om det fletse oppskriftene vi har funne på matlaging i kokegrop handlar om lammelår er det ikkje noko i vegen for å bruke hjort.


Potetene vart utruleg nok bakte utan at skalet var svidd. Berre litt rynkete.