lørdag 27. august 2011

Pingvinar

IMG_0002.JPG


Pingvinar? Kva har det med husbygging å gjere? Sidan vi flytta saman i den fyrste vesle leilegheita i Bergen, då vi framleis berre var to og studerte biologi, har pingvinane vore med. Vi veit ikkje heilt kvifor, men kan det vere den fyrste pingvinen? Den trepingvinen Alfred kjøpte i Malaysia - av alle stader.

I den fyrste leilegheita trong vi ikkje kjøpe så mykje inventar, men den hadde store butikkvindauge på gateplan, så gardiner til soverommet måtte vi ha. Då Magni for på ekspedisjon for å finne våre fyrste gardiner hadde Alfred berre eitt krav: Det er akkurat det same korleis dei ser ut, berre det er pingvinar på!

Magni fann pingvingardiner, og etter det har vi hatt pinvinar alle stader vi har bodd. I dag har Iver pingvingardinene på sitt rom.

IMG_0013.JPG


Vi har ikkje blitt notoriske pingvinsamlarar, men ting med pingvinar har litt lettare for å bli med heim enn t.d. ting med sauer eller elefantar. Desse tre er frå Tyrkia.

Kva gjer vi med pingvinane i nyehuset? Kva rom får pingvingardiner?

IMG_0010.JPG

Den største utfordringa er kanskje pingvinludoen. Ei bryllupsgåve, som eigentleg bør stå framme og bli brukt, men som er litt stort og har knuslege brikker. Finn vi ein trygg plass til den?


Og skal huset få nye pingvinar? Åshild tipsa oss om denne fine tapeten. Det finnst pingvinlamper

Eller kanskje ein Penguin-stol, teikna av Peter Opsvik?

Enn så lenge har vi alle mogelegeheiter opne.

fredag 26. august 2011

Den høgaste naboen






Då huset skulle plasserast vart det tilpassa almen og elva. Nært, men ikkje for nært.

Når ein har 20 meter høge naboar må ein stelle pent med, så i dag har vi hatt Skogryddaren på besøk. Han har reinska opp i dei greinene som fekk skade då dei grov ned reinseanlegget, fjerna nokre greiner som hang for nært huset og lengst nede.





- blogga på farten.

torsdag 25. august 2011

Alle detaljane

Sjølv om vi har tenkt på mykje av huset og mykje er beskreve i samarbeid med arkitekt og entreprenør, er det mykje å halde orden på for at det skal bli sånn som vi ha tenkt. Det er ingen som har bygd akkurat vårt hus før, så vi veit ikkje heilt korleis det skal bli.

Noko er vi meir opptekne av enn andre ting, men resultatet er summen av alle detaljane. Både dei vi har tenkt på og alle dei vi ikkje hear tenkt på. Når alle dei valga skal gjerast og alle detaljane skal på plass er det viktig å holde tunga beint i munnen. Det skal jo henge saman.




I dag har vi funne ut at ein av standardfargane på platene som skal kle inngangspartiet heldigvis er tilnærma lik fargen på nabobygningen, den raude lada. Ein detalj mindre å tenke på, vi må berre passe på at inngangsdøra vert bestilt i same fargekode. Og kva farge skal den eigentleg ha på innsida? Dersom den er laderaud har det andre konsekvensar.

Det er godt med alt som er bestemt. Det som berre er 90% sikkert kan jo alltids gjerast om, og alle dei tinga som kan gjerast om skapa litt uro i hovudet for tida.


Bokhylla som illustrerer denne bloggposten er Bookworm av Ron Arad. Ei hylle som minner meg om studietida i Bergen fordi den hang i eit butikkvindauge eg ofte gjekk forbi. Om den får plass i nyehuset er vel ein av dei ti prosenta som absolutt ikkje er bestemt.

onsdag 17. august 2011

Heime åleine med IKEA-katalogen





Små gleder for husbyggarar: Åleine heime i ro og fred med splitters ny IKEA-katalog.

Må berre sjekke om dei planane vi har lagt gjeld med denne katalogen òg.

- blogga på farten.