tirsdag 26. april 2011

Kan det bli plen?

IMG_1704.JPG

Om alt går etter planen kjem vi til å sjå våren (og kanskje ein plen) kome her neste år.

IMG_1700.JPG

Det går fort framover no, med syneleg ting som gjer det lett for oss å følgje med. I dag vart det både støypt golv og planert ut jordhaugar. Isolasjonen forsvinn ned i grunnen og vi synest grunnflata ser skrekkeleg lita ut. Det er visst heilt vanleg, så det vert nok stort nok. Stor nok plen òg.

IMG_1707.JPG

Sidan vi kjenner teikningane så godt er det litt rart å sjå at det vert sånn i røynda òg, og ikkje minst at no kan vi ikkje flytte på så mykje lenger. Doen står der den står (det eine røret midt på biletet),  inngangspartiet ser du i høgre biletkant, og ja - vi får til og med straum inn akkurat der sikringsskåpet er teikna. Det er ikkje magi heller, berre godt handverk.

Som de ser vert det sjølvsagt nytta nynorsk isolasjonsmateriale i huset.

lørdag 23. april 2011

Vi har innvia bålpanna

IMG_1689.JPG

Ein av dei fyrste vårdagane (eller det kjentest nesten ut som ein sommardag) fann vi fram bålpanna for fyrste gong. Når huset vårt ein gong vert ferdig ser vi for oss mange fine dagar langs elva, og då vert bålpanna fin. Ei avis og nokre vedkubbar, så har vi bål på ein-to-tre.

Den fungerte godt og vi var så heldige at det dukka opp nokre gode vener som ville grille pølser òg.

IMG_1695.JPG

På Bjørlo vert det god plass, og vi hadde både kroketbane og område for nokre slag Kubb. Her er det gutane mot jentene.

IMG_1696.JPG

mandag 11. april 2011

Vi har grunnmur


Ting går framover på tomta, og er like spannande å sjå kvar gong vi kjem til Bjørlo. Før helga kunne vi sjå grunnmuren. Her skal vi bu, og no ser vi godt at huset ligg fint til. Over muren ser du det som vert utsikta mot vest.