torsdag 4. november 2010

Ny fasade mot vest


Fjerning av tårn og flytting av loftsstove og bad fører til flytting av vindauge òg.

No er vi nøgd med vestfasaden. Det raude vindauget skal markerast litt meir, men det får fagfolka spekulere ut. Bak det vindauget vert det i alle fall høve til å sitje i ro og kike etter hjort og laksefiskarar.

onsdag 3. november 2010

Garasjen snart ferdig


Som vi har skrive om i ein tidlegare bloggpost, har første steg på vegen mot nytt hus på Bjørlo vore å få bygd ein ny stor garasje til erstatning for den vi må rive for å få bygge huset vårt.

Det har tatt tid, men no er vi snart i mål! Den er bygd som tilbygg til den over 100 år gamle lada på garden, og har allereie tatt i bruk sjølv om tak og portar gjenstår. Her er det plass til mykje landbruksutstyr, to traktorar og ein bil. Riktig ein gigantgarasje har det blitt, det kjem godt med!

Og for første gong har vi fått ein garasje stor nok til å arbeide med t d dekkskift innandørs – det kom godt med då den fyrste snøen for vinteren kom overraskande på for eit par veker sidan…

Etter at dette bildet er tatt er det også kome på tak. Seinare i månaden kjem to elektriske portar – den eine så mykje som 3,50 høg.

Så no kan den gamle garasjen rivast, og vi er for alvor klare til å bygge hus!

Utan tårn


Vi har hatt nokre månader med pristilbod, kuttlister og vurderingar. Det er ønskjelista vår vi har fått prisar på, men innanfor dei kostnadsrammene vi vil leve med var det ikkje plass til heile draumen.

Mellom anna har vi valgt å kutte ut tårnet, og heller halde på alle dei andre gode løysingane elles i huset. Det satt litt langt inne, men etter at valet var tatt er vi godt nøgd med det. 

Arkitekten held på med nokre justeringar etter at tårnet forsvann, men vi er snart i mål med det òg. 

Små steg framover, og brått er vi i full gang. Det er ikkje draumar lenger - i 2011 kjem vi til å flytte inn i nytt hus.