torsdag 4. november 2010

Ny fasade mot vest


Fjerning av tårn og flytting av loftsstove og bad fører til flytting av vindauge òg.

No er vi nøgd med vestfasaden. Det raude vindauget skal markerast litt meir, men det får fagfolka spekulere ut. Bak det vindauget vert det i alle fall høve til å sitje i ro og kike etter hjort og laksefiskarar.

onsdag 3. november 2010

Garasjen snart ferdig


Som vi har skrive om i ein tidlegare bloggpost, har første steg på vegen mot nytt hus på Bjørlo vore å få bygd ein ny stor garasje til erstatning for den vi må rive for å få bygge huset vårt.

Det har tatt tid, men no er vi snart i mål! Den er bygd som tilbygg til den over 100 år gamle lada på garden, og har allereie tatt i bruk sjølv om tak og portar gjenstår. Her er det plass til mykje landbruksutstyr, to traktorar og ein bil. Riktig ein gigantgarasje har det blitt, det kjem godt med!

Og for første gong har vi fått ein garasje stor nok til å arbeide med t d dekkskift innandørs – det kom godt med då den fyrste snøen for vinteren kom overraskande på for eit par veker sidan…

Etter at dette bildet er tatt er det også kome på tak. Seinare i månaden kjem to elektriske portar – den eine så mykje som 3,50 høg.

Så no kan den gamle garasjen rivast, og vi er for alvor klare til å bygge hus!

Utan tårn


Vi har hatt nokre månader med pristilbod, kuttlister og vurderingar. Det er ønskjelista vår vi har fått prisar på, men innanfor dei kostnadsrammene vi vil leve med var det ikkje plass til heile draumen.

Mellom anna har vi valgt å kutte ut tårnet, og heller halde på alle dei andre gode løysingane elles i huset. Det satt litt langt inne, men etter at valet var tatt er vi godt nøgd med det. 

Arkitekten held på med nokre justeringar etter at tårnet forsvann, men vi er snart i mål med det òg. 

Små steg framover, og brått er vi i full gang. Det er ikkje draumar lenger - i 2011 kjem vi til å flytte inn i nytt hus.

onsdag 27. oktober 2010

Spot og not to spot


Det er mykje detaljar som skal på plass før vi har gravd noko som helst. Mellom anna kva rom vi skal ha spottar i og ikkje? Kva type? Kor mange? Og ikkje minst om vi skal ha ledpærer eller ikkje?

Overgangen frå eit spotfritt hus til å tenke lyssetjing på denne måte er stor, men vi har vore på synfaring i nye hus og studert kva løysingar andre har valgt. Tenkt og diskutert med elektrikar.

Det viktigaste valet (synest vi) er at vi vil ha led-lys i spottane. No skal teknologien ha kome så langt at lyset frå led-pærene har ok farge for innebruk. Når ein slik spot bruka 7w i staden for 50W er det sjølvsagt ein del straum å spare på det.

søndag 17. oktober 2010

Husmodell

Når ein greier å bygge ein relativt grei modell av berre avlange 8-knottars legoklossar er det ikkje tvil om at huset er av den kantete typen.

De siste vekene har gått med til å vurdere prisar og tilbod slik at vi frå husdraumen til med eit akseptabelt budsjett for oss og banken. No er vi snart i mål utan å endre for mange av hovudideane i huset.

tirsdag 6. juli 2010

Ventar på prisar

09021 39 copy.jpg

Dette er den siste og oppdaterte skissa, og det bilete som pregar beskrivelsen av det som kan bli huset vårt. På andre sida av sommaren har nokre entreprenørar truleg rekna ut kva ønskjelista kostar.

Slik planen er no vert det innerste laget ytterveggane i massivtre, isolert med rockwool og kledd med ubehandla gran. Det skal gi oss eit hus som held godt på varmen, gir godt inneklina og har kort byggetid. Det kjem ein meir detaljert post om massivtre når vi har fullstendig oversikt på oppbygginga av veggane.

I mellomtida vert det ny garasje på Bjørlo, og vi ser mellom anna på nye tepper som er litt for dyre.

onsdag 23. juni 2010

Jonsok

IMG_8581.JPG

Når huset vårt står ferdig kjem vi til å ha kort veg til alle dei fine stadane langs elva. I dag har vi vore og feira jonsok. Før rømmegraut og båltenning sjekka Alfred og Iver ut garasjetomta.

IMG_8538.JPG

Oj. Er vi i gong?


Dette er nok fyrste steg mot eit nytt hus på Bjørlo.

For å få plass til eit hus der vi ønskjer må vi rive ein garasje. Det som bur i denne garasjen treng då nytt hus. Sidan det ikkje er plass til alt i den andre garasjen må vi bygge eit nytt tilbygg til lada. Ein kjempegarasje med plass til diverse køyrety, reoskap, bossdunkar m.m.

No er det gamle garasjetilbygget borte, så no er vi vel i gong på ein måte. Sjølve huset ventar framleis på godkjenning, men vi gjer det som kan gjerast klart ferdig.

mandag 10. mai 2010

Kjøkenplanlegging


No er det på tide med litt detaljplanlegging av kjøkenet. Grunnplanen er ferdig planlagt, men kvar skal det vere skuffer og kvar skal dei tome plastposane bu? Det gløymte vi å planlegge då vi bygde kjøken sist.

Nokon som har gode tips?

mandag 19. april 2010

Då var bloggen opna for alle


No er husbloggen opna slik at fleire kan følgje prosessen. Vi kjem til å legge ut oppdateringar med ujamne mellomrom. Noko vert harde fakta, og andre gongar meir lause tankar eller lampeønskjer.

Det er nok ei stund til vi kan flytte inn i noko som liknar fotomontasjen over. den lug forrsten litt. Huset vert nok litt større.

De må gjerne kommentere. Vi har aldri bygd hus før og treng innspel. Har du husbyggeblogg sjølv er vi interessert i å sjå kva andre gjer.

fredag 19. februar 2010

Lampe?


Det store rommet vårt treng ein markert lampe, og lysekrone er ikkje det rette for oss. Kanskje denne er noko? Superleaves er meir enn 1 meter i diameter og viser godt att. Eg såg den i ein butikk i Oslo og likte den med ein gong. Den er nok ikkje for alle rom, men kanskje for oss?

Biletet er henta frå produsenten si nettside.

fredag 12. februar 2010

Finn ein feil


I det store stoverommet er den eine veggen ei bokhylle. Gjennom bokhylla finn du tv-stove i 1. etg og gjesterom/ kontor i 2. etg. På tidlegare teikingar kan ein sjå at dørene er plassert midt i hylla, men nede måtte vi flytte den inn til veggen.

Spørsmålet no er om vi skal gjere det same i 2. etasje? Symetri eller ikkje?

tirsdag 26. januar 2010

Vinteridyll

IMG_7001.JPG
Januar har vore ein skikkeleg vintermånad og på Bjørlo er vert vinteren ekstra idyllisk. Vi kjem til å få bu midt i naturen og det gler vi oss til. Denne søndagen tok vi oss ein liten skitur med bål og pølserspidding. Det var beinkaldt, og alle trea hadde fått ispels.
IMG_7003.JPG
IMG_7006.JPG

I tårnet



På ønskjelista vår sto "lite hus på taket/ mummihus", og slik kan utkikstårnet vårt bli. Det vert ikkje rundt om mummihus-aktig, men det skal bli eit triveleg rom med plass til besøk.

Planteikningar desember 2009


1. etasje

2. etasje

mandag 25. januar 2010

Bestillingslista

Vi hadde ikkje noko nøyaktig bilete frå starten av om at huset skulle sjå ut på ein bestemt måte, utover at vi ønskte eit hus i "moderne nordisk stil" (lyst, luftig, reine linjer, store vindu) - og visste at vi begge stort sett var enige om kva vi likte og ikkje likte med andre hus vi hadde sett på.

Ut frå dette utgangspunktet ønskte vi at arkitekten skulle få fridom til å løyse oppgåva best mogleg. I staden for å gje frå oss mange bilete av hus vi likte laga vi ei ønskjeliste med viktge og mindre viktige punkt.

Når huset står der vert det spennande å ta fram lista og sjå kor mykje som er med og om ønskja har endra seg undervegs. Slik såg lista ut:

  • Tre soverom pluss gjesterom/kontor med to arbeidsplassar
  • Stove/allrom – kjøken/spiseplass med arbeidskrok
  • Vedomn
  • Mykje lys/ høgt under taket
  • Vaskerom med grovinngang
  • Badekar
  • Lett å gå ut på stor terrasse frå kjøken/allrom
  • Bokhylle i stova
  • Godt med skapplass og lagringsplass
  • Livsløpsstandard
  • Prosjektor på vegg i stova (?)
  • Lite hus på taket med teleskop/Mummihus (?)
  • ”Dansk stil”: Rette linjer, store glas, mykje naturlig lys (gjerne overlys).
  • Naturlig trefarge (a la sibirsk lerk/furu som grånar over tid)
  • Høgt under taket – gjerne galleriløysing
  • Garasje/Carport med plass til to bilar
  • Miljøvennlig/passiv hus (viss praktisk mulig)
  • Eit eller anna spektakulært/nyskapande (?)
  • Har full Siesta-salong m/ bord ståande ”på lager” – som vi gjerne vil ha god plassering av i nytt hus

Raud inngang?




Fyrst var det raud dør. No er det ein stor raud boks på inngangssida. Vi synest det passar godt til huset.

På teikninga er det leika litt med ulike former på inngangsboksen, men desse vert truleg stramma litt inn.